lørdag 19. mars 2011

Så trøytt


Å vera så trøytt
Den siste trøysta
og den siste fienden
Vern mot
dei krystallklare tankeknivane
som kjem
med det første morgonlyset
Ei lun dyne
av trøytt, mjuk skodde kring deg
Verna deg frå å skilja
Tanke frå tanke
Ord få ord
på same
sjølvsagde måten som før

Heidi

Den dagen


Den dagen
bestemor ikkje ville stå opp
samla me oss
forvirra
kring respateksbordet
på kjøkkenet hennar
Kaffien kokte me sjølv
Nattesvart
for ein gongs skuld,
ho kokte han alltid så tynn.
I skapet
fann me blåbærsyltetøy
Saman sat me einsame
og prøvde
å fylla tomromet
med anna enn kjeks
og sukkerbitar.
Lågmælt diskuterte me
og grunnvollane rista.

Heidi

Den lengste reisa


Du kledde langsamt av deg,
bestemor
Først løyste du
det stramt oppsette håret
Fleire år seinare
knepte du av deg
det storblomstra forkledet
Til slutt
ville du bare liggja
Ei tynn undertrøye
med stroppar
over dei smale akslene
Eit hjelpelaust laken til dyne
Det siste du kledde av deg
var det reserverte blikket
Det kontrollerte draget
over munnen:
Ambulansesjåføren
sa han heitte Sven
Dei måtte bera deg på båre
gjennom hagen
for å koma fram
Den lengste reisa di på mange år
gjekk mot den staden
du frykta meir enn noko.

Heidi

Sjukeheim


I gangane
ein eigenarta eim
Urin og såpe
Middagsmat,
kaffi og sur mjølk
Mannen i den blå golfjakken
finn ikkje fra
og han i rutete tøflar
vil ha vatn
Ikkje noko landskap
er opnare
enn desse
geometriske korridorane
Her rår tålmod
og hjelpeløyse
Ein time seinare
gret det framleis
inst i korridoren
Ved heisen ei tralle
med skitne tallerkenar
Utanfor er hausten
mjuk og klar og kald .


Heidi

Rødhette


Kvifor har du så spiss nase, bestemor?
Kvifor er munnen så stor og innfallen?
Du et små bitar av appelsin
Du syg ytste skalet
av klissete bringebærdrops.
Du har så store øyrer bestemor!
Er det for du snart skal døy?
Rødhette er blitt vaksen
og ulven er annleis enn ho trudde.

Heidi

onsdag 16. mars 2011

Tid og rom



Du budde
i barndomen min
Nå bur eg i din
Fastare er ikkje grensene
mellom tid og rom
Du verda
så stor eg har blitt.

Heidi

(Bilete: Flickr common)

Eg stryk deg over panna


Nå er du barnet mitt
Du skal sjå på meg
Eg stryk dei smale handledda dine
forsiktig med peikefingeren
Er redd dei skal brekka
Eg stryk deg over panna
seier du må sova
Og ber til Gud
om at du må vakna att
Eg ser kor du skal hen
Veit du har ikkje krefter til å snu
Handa di ei klo
i den nakne handflata mi
Foten til ein sporv om vinteren.

Heidi