lørdag 19. mars 2011

Så trøytt


Å vera så trøytt
Den siste trøysta
og den siste fienden
Vern mot
dei krystallklare tankeknivane
som kjem
med det første morgonlyset
Ei lun dyne
av trøytt, mjuk skodde kring deg
Verna deg frå å skilja
Tanke frå tanke
Ord få ord
på same
sjølvsagde måten som før

Heidi

Den dagen


Den dagen
bestemor ikkje ville stå opp
samla me oss
forvirra
kring respateksbordet
på kjøkkenet hennar
Kaffien kokte me sjølv
Nattesvart
for ein gongs skuld,
ho kokte han alltid så tynn.
I skapet
fann me blåbærsyltetøy
Saman sat me einsame
og prøvde
å fylla tomromet
med anna enn kjeks
og sukkerbitar.
Lågmælt diskuterte me
og grunnvollane rista.

Heidi

Den lengste reisa


Du kledde langsamt av deg,
bestemor
Først løyste du
det stramt oppsette håret
Fleire år seinare
knepte du av deg
det storblomstra forkledet
Til slutt
ville du bare liggja
Ei tynn undertrøye
med stroppar
over dei smale akslene
Eit hjelpelaust laken til dyne
Det siste du kledde av deg
var det reserverte blikket
Det kontrollerte draget
over munnen:
Ambulansesjåføren
sa han heitte Sven
Dei måtte bera deg på båre
gjennom hagen
for å koma fram
Den lengste reisa di på mange år
gjekk mot den staden
du frykta meir enn noko.

Heidi

Sjukeheim


I gangane
ein eigenarta eim
Urin og såpe
Middagsmat,
kaffi og sur mjølk
Mannen i den blå golfjakken
finn ikkje fra
og han i rutete tøflar
vil ha vatn
Ikkje noko landskap
er opnare
enn desse
geometriske korridorane
Her rår tålmod
og hjelpeløyse
Ein time seinare
gret det framleis
inst i korridoren
Ved heisen ei tralle
med skitne tallerkenar
Utanfor er hausten
mjuk og klar og kald .


Heidi

Rødhette


Kvifor har du så spiss nase, bestemor?
Kvifor er munnen så stor og innfallen?
Du et små bitar av appelsin
Du syg ytste skalet
av klissete bringebærdrops.
Du har så store øyrer bestemor!
Er det for du snart skal døy?
Rødhette er blitt vaksen
og ulven er annleis enn ho trudde.

Heidi

onsdag 16. mars 2011

Tid og rom



Du budde
i barndomen min
Nå bur eg i din
Fastare er ikkje grensene
mellom tid og rom
Du verda
så stor eg har blitt.

Heidi

(Bilete: Flickr common)

Eg stryk deg over panna


Nå er du barnet mitt
Du skal sjå på meg
Eg stryk dei smale handledda dine
forsiktig med peikefingeren
Er redd dei skal brekka
Eg stryk deg over panna
seier du må sova
Og ber til Gud
om at du må vakna att
Eg ser kor du skal hen
Veit du har ikkje krefter til å snu
Handa di ei klo
i den nakne handflata mi
Foten til ein sporv om vinteren.

Heidi

Ei kvit due



Håret ditt som fugledun
mot bleike puter
Fortalde eg at du er vakker
trudde du meg ikkje
Ei trøytt madonna
Støtta opp i senga
Opphøgd over kvardagane
med havregraut og dostol
samlar du tankane dine
og flyg ut av romet.
Ein fugl på streif
Ei kvit due
Stadig tettare
krinsande kring barndomen.

Heidi

Forglømmegei



Augene dine
I djupe hol
To små blomar
den finaste blomen for deg
forglømmegei
Nå blømer dei
To forvilla einslege
i eit visnande landskap
av rynker
Når flytta det eit barn inn
i blikket ditt?
Så tynn du er i den nye jakka
som skal gjera deg fin
nå som du er ute blant folk.

Heidi

Foto: Creative commons

Noko hemmeleg


Den vesle jenta
i den store senga
veit noko hemmeleg
Dei tynne armane
er hennar
men ikkje
den krøkte ryggen
dei tome brysta
det lause skinnet på magen
Slikt høyrer ikkje småjenter til
Med eit undrande
blått blikk
Meir uendeleg
enn sjølve tida
Ser ho
det hemmelege rakt i augene.

Heidi

Mellom to portar


Eg står her midt i livet
I senga ligg bestemor
Ho skal døy
På armen min
Ei nyfødd dotter
Ho skal leva
Eg står her midt i livet
Og er vaksen

Heidi

Orda om eit liv



Dei små teikna du tok med deg
Nå er dei bokstavar
i orda som er dine
Orda om eit liv
Me sorterer dei
Let nokre av dei liggja
Her er eit dikt
seier eg
Det fyller heile arket
Annleis kunne det nok ha vore
Men det var slik det vart
Framleis manglar det punktum
eller kan henda eit spørjeteikn?

Heidi

Katedral



Kven trampar på golvet
med tresko på?
Veit dei ikkje me er i ein katedral?
Ta av deg på føtene
Romet er heilag
Taket har nettopp lyfta seg
Tydelegare enn praten frå gangen
Høyrest eit nyskapt preludium.


Heidi

Ei kvit nonne




Dei bandt kvitt klede
kring ansiktet ditt
Ei kvit nonne teikna i pastell
med nye ansiktsdrag
Alt du levde
Skrive med breie strekar
Det skeive smilet etter slaget
Det forvirra lysblå blikket
tok Han med seg
I det voksgule ansiktet
var du ung att
For første gong såg eg
Alt det som kunne vore deg
Tida stoppa
og eg gjekk
gjennom den velkjend døra
for siste gongen
Aldri før var eg så levande.

Heidi

Bilete: Flickr Commons

Postludium


Presten gjekk først
Døropninga var trong
Men ut kom me
Ein bleikgrå vinterdag
Nitti år vart dine
Men barnet i deg levde lengst
Eit barn var det me bar
over det frosne graset
Året var snart til endes
Livet var udødeleg.


Heidi

Ettermæle



Bestemor
Var ein song
Om mjølk og honning
Silke og potetmjøl
Og ein for liten giftering
For stort liv
For mange fluer
og for gamle solbriller
Håret grå silketråd
Knivskoren vilje
Stor sorg
Og sviktande kropp
Ein song om lysande blå auge
Om hemmelege knappeøskjer
Frå alt som eingong var.


Heidi

Bilete frå Flickr Commons